31. oktober 2022 anna

AMALIE OG JON ERIK BYGDE DRAUMEHEIMEN:

– Vi gjorde det til vårt

Heime hjå familien Ristesund Ertesvåg bur mamma Amalie, pappa Jon Erik, Tale (5år) og vesle Saga (5mnd). Dei har nettopp flytta inn i sin draumeheim, midt i hjartet av Ulsteinvik.

Vi merka fort at den tomannsbustaden, som vi budde i tidlegare, blei for liten for oss i framtida. Vi såg derfor først på moglegheita for å renovere ein gamal einebustad, men det la vi fort frå oss.

Amalie og Jon Erik hadde høyrt om Meisterbygg Møre v/Arild Aarseth som dreiv business i Ulsteinvik, så då dei høyrde at MBM hadde kjøpt ei tomt dei skulle bygge på, tok dei kontakt. Etter å ha prata med MBM v/Arild, var ikkje paret i tvil – det var her dei ville bygge draumeheimen.

«Huset ligg slik at det er kort veg for jentene til både besteforeldre og vener. Det er heller ikkje lang veg til verken sentrum, skole eller barnehage», seier Amalie med vesle Saga på fanget.

Ein bustad med moglegheiter

Etter eit lite møte med MBM v/Arild om diverse hustypar og sjølve prosessen, fall paret for det som hadde blitt presentert for dei.

«Vi likte godt hustypen, ein Faro spesial, som vi såg kjempepotensial med»

Med utgangspunkt i Faro spesial som dei fekk presentert, har paret sjølv gjort bustaden om til sin. Dei har teikna om rominndelinga i bustaden saman med MBM v/Arild, slik at det skulle passe deira ønsker og behov.

Etter fleire idemøter med MBM v/Arild, fall bitane endeleg på plass og paret var klare for å gjere bustaddraumen om til verkelegheit.

Vi fekk sette vårt eige preg på bustaden

Knirkefri prosess

Det tok omlag eit år frå paret signerte avtalen med byggjefirmaet Meisterbygg Møre til drøymebustaden sto ferdig og var innflyttingsklart.

«Sjølv med Covid, gjekk prosessen ganske så knirkefritt. MBM v/ Arild «pusha» der han kunne pushe» seier Jon Erik.

Paret fortel at dei har vært særs fornøgd med Arild og gjengen i Meisterbygg Møre. Det var ingen ting som var eit problem, dei kom med løysningar og tips undervegs gjennom heile prosessen.

«Å byggje bustad er ein stor og svært krevjande prosess, så det å då ha trygge og gode handverkarar som veit kva dei snakkar om, er heilt essensielt.  Gjengen i Meisterbygg Møre er alle svært serviceinnstilte og løysningsorienterte. Vi fekk alltid ærlege og oppriktige svar, noko som var ei tryggheit for oss» slår Jon Erik fast.

«Eit eksempel som vi kan nevne er utestova. I katalogen var dette berre eit overbygg, men så tenkte vi at det hadde vore kjekt med ei utestove. Vi lufta derfor tanken for Arild og det var sjølvsagt ingen problem. Vi hadde tenkt at vi på sikt kunne sette inn dører til utestova, men då var MBM v/Arild på ballen med ein gong og fiksa dette. Han har verkeleg vore til god hjelp» forklarar Amalie medan ho kikar ut på utestova.

Heile prosessen har gått over all forventning for Amalie og Jon Erik. Huset kom som precut, så alt gjekk veldig fort allereie frå start av. Etter tre veker var bygget omtrent heilt tett. Paret har gjennom heile prosessen hatt tett dialog både med Arild og snekkarane i MBM. Med så tett oppfølging, tips og råd på vegen, var dei trygge på at dette var godt handverk.

Dei fortel vidare at dei også var veldig fornøgd med dei gode samarbeidspartnarane som MBM hadde. Dei gjorde det enkelt for dei i ein nokså overveldande prosess der ein skal forholda seg til mange partar.

Tilpassa etter behov

«Det tar litt tid å kome seg på plass, ein må ta ting litt etter kvart, slik at ein får budd seg litt til inne i huset. Vi er veldig fornøgde med endringane vi har gjort. Vi fekk byggje vår draumeheim og tilpassa den som vi ønska» seier Amalie.

Amalie og Jon Erik er begge fornøgde med det nye huset sitt og den tilpassa rominndelinga. Huset har ei opa og luftig stove- og kjøkkensone, romslege bad og soverom. I fyrste etasje finn du også eit romsleg vaskerom med utgang til garasjen og ei kjellarstove som ungane kan boltre seg i. I tillegg er det høgt oppunder taket, som bidreg til å skape ein open og luftig følelse, noko paret liker veldig godt.

Huset har store vindauge som gir mykje godt lys og skaper ein romsleg følelse. Frå spisebordet kan familien sitje og nyte middagen til den herlege utsikten over havet og heimbyen. Med eit så stort og luftig hus kan familien no invitere både vener og familie på besøk, utan å måtte uroa seg for å ha for liten plass.

«Det fine var at vi hadde moglegheita til å gjere det til vårt. Mange trur at dei er bunden til den spesifikke planløysinga som visast i katalogane, men vi har gjort om mykje. Her var MBM v/Arild også flink til å komme med tips og råd, slik at vi fekk det akkurat slik vi ønska» fortel Amalie.

Meisterbygg Møre AS

  • Meisterbygg Møre blei etablert i 2009 og har i dag 8 ansatte
  • Tilbyr tømreroppdrag til både privat og offentlig sektor.
  • Jobbar med nybygg, rehabilitering, påbygg og tilbygg, samt oppussing og betongarbeid.
  • Er forhandlar av bustadkjeden Byggmann, som tilbyr bustadar, hytter og garasjer.